For grupper

Lom Stavkyrkje er ein interessant stoppestad for grupper og turoperatørar. Stavkyrkja er eit viktig historisk landemerke, og er ei av dei største og eldste stavkyrkjene i Noreg. Dersom du vil besøkje kyrkja med ei gruppe, kan ei omvising gje ei djupare innføring i historia, arkitekturen og kulturen rundt kyrkja.

Omvisarar vil gje ein presentasjon på 20-30 minutt og svare på spørsmål i etterkant. Vi har omvisarar som snakkar norsk og engelsk, og ved førehandsbestilling kan vi òg skaffe omvisarar som snakkar tysk. Vi har skriftleg informasjon tilgjengeleg på 15 ulike språk.

Lom stavkyrkje ligg midt i Sør-Noreg, like ved kommunesenteret Fossbergom. Området har eit stort utval av aktivitetar og opplevingar, inkludert Norsk Fjellsenter, bygdemuseet i Presthaugen og Fossheim Steinsenter. Ei omvising i Lom stavkyrkje er fint å kombinere med  ein kaffe- eller lunsjstopp i Lom sentrum der du finn butikkar, restaurantar og overnatting.

Vi ber om at du merkar deg at det ikkje er tillate å røyke korkje verken på kyrkja sitt område eller inne i sjølve kyrkja på grunn av brannfare. Vi har også tilrettelagt for bussparkering på kyrkja sitt område og offentlege toalett er tilgjengelege rett over brua.