Besøk

Bli med på ei omvising i Lom stavkyrkje og opplev den imponerande arkitekturen og historia til kyrkja. I sommarsesongen er det omvisingar kvar dag der det ikkje er behov for førehandsbestilling.

Besøkjande utanom grupper kan vera med på opne omvisingar. I sommarsesongen er det opne omvisingar kvar dag, og det er ikkje behov for førehandsbestilling. Enkeltpersonar kan møte opp og delta på omvisinga. Gruppeomvisingar må bestillast på førehand. Bookingkalendaren vår finn du under menyen FOR GRUPPER.

Du vil du få høve til å sjå nærare på detaljrikdomen i kyrkja, arkitekturen og lære om historia. Omvisarar vil vere til stades for å svare på spørsmål og gje informasjon.

Kyrkja har ei stor samling av votiv-måleri, dei fleste måla av Eggert Munch, ein presteson fødd i Vågå i 1685. Kombiner gjerne besøket ditt i Lom stavkyrkje med ein stopp i Lom sentrum, der du finn butikkar, restaurantar og overnatting.

Vi ber om at du merkar deg at det ikkje er tillate å røyke korkje på kyrkjegarden eller inne i sjølve kyrkja på grunn av brannfare.