Lom Stavkyrkje – av dei største og eldste
Ynskjer du å besøkje oss?
For grupper
Lom stavkyrkje er ein flott stoppestad for grupper og turoperatørar. Vi tek imot grupper elles i året ved bestilling på førehand (minimum 2 dagar før ankomst).
Besøk
Bli med på ei omvising i Lom stavkyrkje og opplev den imponerande arkitekturen og historia til kyrkja. I sommarsesongen er det omvisingar kvar dag der det ikkje er behov for førehandsbestilling.

Om Lomskyrkja
Lom stavkyrkje er ei imponerande kyrkje med ein rik historie. Bygd midt på 1100-talet, vart ho brukt av både bygdefolket og reisande, og var eit viktig knutepunkt mellom aust og vest. Kyrkja er bygd i stavteknikk og har eit heva midtrom som blir halde oppe av ein rad innvendige stavar (søyler). Dei utskorne drakehovuda på taket er karakteristiske for kyrkja heilt frå starten, og det øvste drakehovudet på austsida av kyrkja og mønekammen over koret er kopiar, laga i 1964, av dei opphavlege dekorasjonane frå middelalderen.