Besøk

Bli med på ei omvising i Lom stavkyrkje og opplev den imponerande arkitekturen og historia til kyrkja. I sommarsesongen er det omvisingar kvar dag der det ikkje er behov for førehandsbestilling.

Besøkjande utanom grupper kan vera med på opne omvisingar. I sommarsesongen er det opne omvisingar kvar dag, og det er ikkje behov for førehandsbestilling. Enkeltpersonar kan møte opp og delta på omvisinga.

Du vil du få høve til å sjå nærare på detaljrikdomen i kyrkja, arkitekturen og lære om historia. Omvisarar vil vere til stades for å svare på spørsmål og gje informasjon.

Kyrkja har ei stor samling av votiv-måleri, dei fleste måla av Eggert Munch, ein presteson fødd i Vågå i 1685. Kombiner gjerne besøket ditt i Lom stavkyrkje med ein stopp i Lom sentrum, der du finn butikkar, restaurantar og overnatting.

Vi ber om at du merkar deg at det ikkje er tillate å røyke korkje på kyrkjegarden eller inne i sjølve kyrkja på grunn av brannfare.