Lom Stavkyrkje - av dei største og vakraste

Lom stavkyrkje vart bygd midt på 1100-talet, og har sidan vore hovudkyrkja

i Lom.I middelalderen var både pilgrimar og anna ferdafolk på reise gjennom Lom og delte Lom stavkyrkje med bygdefolket.

Treverk frå 1157

Lomskyrkja er ei av dei største stavkyrkjene som framleis står i Noreg. Analyse av trevirket i den eldste delen viser at trea vart hogge vinteren 1157/-58. Både skipet og koret er bygd i stavteknikk og er avgrensa av ein stor hjørnestav i kvart hjørna. Kyrkja har eit heva midtrom der taket blir halde oppe av ei rad innvendige stavar (søyler). Desse stavane går frå golvet og heilt opp til taket. Opphavleg gjekk ein svalgang rundt heile kyrkja utvendig, men denne vart fjerna da kyrkja vart utvida midt på 1600-talet.

Dei utskorne drakehovuda på taket er karakteristiske for kyrkja heilt frå starten.

Det øvste drakehovudet på austsida av kyrkja og mønekammen over koret er kopiar, laga

i 1964, av dei opphavlege dekorasjonane frå middelalderen. Originalane, som er eineståande i sitt slag, kan ein sjå i Stavkyrkjeutstillinga i Lom. Meir om Lom stavkyrkje

Reisearrangørar

Ei omvising i Lom stavkyrkje er fint å kombinere med kaffe- eller lunsjstopp i Lom. Det er lagt godt til rette med oppmerka parkeringsplassar for bussar på Kyrkjevollen rett fram for kyrkja, og offentlege toalett er tilgjengeleg like ved. Vi har alltid omvisarar på vakt som snakkar minst norsk og engelsk. Får vi bestilling på førehand, kan vi skaffe omvisarar på tysk, fransk og spansk. I tillegg har vi skriftleg informasjon på 15 ulike språk.

 

Omvisning i Lom stavkyrkje

Lom stavkyrkje er open kvar dag i sommarsesongen. Vi tek imot grupper elles i året ved bestilling på førehand (min 2 dagar før ankomst. Opningstider og prisar

 

 

INFORMASJON / BESTILLING:

Ring: 97075396 / 97075397

E-post: torunn.kjok@lom.kommune.no

 

 

 

OneWeb 2012 © Copyright. Utforming: Visus Foto: Jiri Dvorak